Tilbake

AbaSalsa

Lær deg å danse salsa på kurs med AbaSalsa!

Ynskjer du å danse salsa?💃

Gjennom vårsemesteret 2026 skal vi halde eit kurs i cubansk salsa, ein tidlaus pardans du kan benytte over heile verda! Der finst moglegheiter for å danse salsa i alle byar over heile verda og det er eit sterkt miljø i Trondheim. Gjennom AbaSalsa får du tilbodet om å lære denne vakre kunsten saman med dine felles Abakuler. Det blir låg terskel og god stemning! So enten du dominerer dansegolvet ved alle høve eller om du har stivare hofter enn Knerten, so er du velkommen i AbaSalsa!

Dersom du skal til Barcelona på klassetur (XCOM) er dette kurset obligatorisk!😉

Kursa blir holdt kvar mandag 18:00-20:00 på rom KJL4 med første økt 19. januar. Meir info finn du i facebook gruppa vår:

https://www.facebook.com/groups/1274779171333917/

AbaSalsa sin logo